Anleggsarbeidet etter 1974

To Hovdebygdaspelarar i kamp om ballen under Hovdecupen i 1981. Dei to HIL-spelarane (dei lyse) er frå venstre: Siv Hessen og Hilde Karin Hjorthaug Berg. Foto: Einar Søberg. (Reidun Krøvel Myklebust har lånt ut bildet.)
Det var eit stort lyft som var gjort så langt. Men det var ingen grunn til å kvile på sine laurbær! Det var snart sett i gang planar for å gjere idrettsanlegget meir fullstendig. Desse planane omfatta m.a.:
• Grusbane
• Klubbhus
• Anlegg for friidrett
- (100 m bane, hoppegrop m.m.)
• Flaumlys og gjerde
• Handballbane
• Kiosk
Viss vi ser bort frå tilpassing til friidrett så har alt blitt realisert med dugnader og elles finansiering med sal av den gamle idrettsplassen, tippemidlar, lån og kommunetilskot. Såleis vart klubbhuset ferdig i 1977, reist på dugnad med god hjelp frå Ørsta yrkesskule. Same året vart grusbana teken i bruk, og parkeringsplassen kom i 1978. Handballbana i austre del av området kom samtidig, og elles har både flaumlysa og gjerdet kome på plass etterkvart blitt klart for skifting.

Frå seriekamp mellom Hovdebygda og Mausedvåg i Volda hallen i 1981. HIL-forsvaret fungerte godt. Bente Breivik har ikkje mykje å stille opp mot Margot Bergesen. Liv Kari Krøvel er parat til å hjelpe, medan Reidun Krøvel Myklebust følgjer spent med. (Reidun Krøvel Myklebust har lånt ut fotografiet.)
Alt i alt er det lagt mykje arbeid av både medlemar og leiinga v/banenemnder og arbeidsutval. I jubileumsåret, 1990, står laget med eit svært bra og verdifullt idrettsanlegg.
-Dette har sidan blitt enda betre med påbygginga av klubbhuset. Men i det siste jubileumet, 2005, har utviklinga på kunstgrassida vore så stor at det no ikkje duger med grusbane og ei kraftig forelda grasbane. Neste mål for laget må være å få lagt kunstgras med flaumlys der dagens naturgrasbane. Dette vil bli eit enormt løft for klubben, frigjere store ressursar som går i vedlikehald av grasbana og vil gi samtlige lag gode treningsforhold heile året, skriv Johan Egil Rudi i 2005.

Hovdebygda sitt damelag i 1978, fotografert i Ørstahallen. Bak frå venstre: Jenny Eiksund, Runa Kroken, Berit Eidheim, Johanne Hege Ryste, Eli Kroken og Margot Bergesen. Framme frå venstre: Liv Kari Krøvel, Anne Kari Aasen, Reidun Krøvel Myklebust, Hilde Karin Hjorthaug Berg og Randi Hjorthaug Aurstad. Bildet er teke etter kampen, og Hovdebygda tapte 9-14 mot Stranda. Foto: Jostein Mo, Sunnmørsposten. (Biletet er utlånt av Reidun Krøvel Myklebust.)
Rudi fortsetter med, -det er monge som har lagt ned ein stor innsats for å halde anlegget ved likeså godt det let seg gjere. Vi kjem tilbake med meir her snart.

Frå Hovdecupen i 1981 og Hovdebygda tapte kampen mot Mauseidvåg med 4-7. Frå venstre: domar Steinar Teigen, Bente Breivik (nr. 6), Siv Hessen (nr. 7) og Reidun Krøvel Myklebust (nr. 10). Fotograf var Einar Søberg. (Bildet er lånt ut av Reidun Krøvel Myklebust.)

Hovdebygda sitt handballag for damer fotografert i Ørstahallen i 1977. Bak frå venstre: Annfrid Hovden, Hilde Karin Hjorthaug, Jenny Eiksund, Anne Kari Aasen og Eli Kroken.Framme frå venstre: Kari Halse, Berit Eidheim og Reidun Krøvel. (Petter Sandvik tok bildet for Sunnmøre Arbeideravis, og han har lånt det ut.)

