Økonomi
Me skal ikkje her gå særleg inn i budsjett og rekneskapstal. Men det er all grunn til å nemne at det har vore vist stor fantasi og iherdig arbeid for å skaffe til veges midlar for å halde opp dei mange aktivitetane.
Frå rekneskapstal som t.d. kr.7.962,99 i 1960 –er det i dag snakk om eit budsjett på kring ein halv million. Mange har vore med å drege lasset når det gjeld økonomien i laget. Likevel bør Mødregruppa nemnast spesielt i denne samanhengen. Gjennom mange år har kvinnene gjennom tiltak som t.d. marknad, matsal, loddsal, kiosk skaffa laget fleire tusen kroner. Me kan godt seie at Mødregruppa er ei økonomisk ryggrad for H.I.L.
Medlemstalet har svinga mykje frå år til år. Kor monge medlemmer laget hadde dei første åra veit me ikkje. Men me kan gå ut frå at dei fleste mannlege ungdomane i bygda var med. Etter kvart som folketalet har auka, har også medlemstalet gått oppover, – men ofte avhengig av kor flink kasseraren og styret elles har vore til å få inn medlemspengane.
Møtebøkene fortel om ein medlemstopp i 1984 på 451, medan talet for 1989 var 372.
Å drive eit idrettslag i dag er nok noko heilt anna en det var frå 1915 og utover. Den gongen møttes tein gjeng til trening og eit styremøte ein hende gong. Både medlemslister, administrasjon og økonomi var svært så oversiktleg og letthandterleg. I årsmeldingane for dei siste åra er det nytta omgrep som var ukjende den gongen: ”Strategisk plan, organisasjonsutvikling, styrka gruppetilhøyring, sponsoravtaler og marknadsføring”. Formann Liv Kari Krøvel, har såleis utan tvil eit mykje større apparat å halde styr på enn Ivar J. Aasen, den første formannen i 1915!

